DIY på nynorsk: Korleis kopiere ein TikTok-trend?

Marknadsavdelinga på Teater Vestland har hatt Leon Bjønnes Svortevik (16) på praksis, og han har verkeleg jazza opp ting! Her viser han oss korleis vi kan kopiere ein TikTok-trend til Instagram-profilen vår (hehe, vi er såpass geriatriske på avdelinga at vi ikkje har starta med TikTok enno).

Først må du finne ein video som du vil kopiere. I dette eksempelet skal vi bruke denne videoen, som du kan sjå viss du bruker TikTok:

https://www.tiktok.com/@jacobagren/video/7617147743580015894?is_from_webapp=1&sender_device=pc&web_id=7589596476851340822

Når du har funne ein video som du vil kopiere, så startar førebuingane. I dette tilfellet må du finne ut kva du skal ha i bakgrunnen. Sidan vi jobbar på teater, har vi valt nokre plakatar frå stykke som har vore sette opp. 

Når du har funne ein plass du skal ta bilde eller video, må du få alt til å sjå bra ut på kamera. Viss du skal ende opp med eitt bilde, er det best å ta fleire bilde, slik at du kan velje det du synest er best. 

Du treng ein «fotomodell» som vil vere med på moroa, og så må du finne ein location. Så er det tid for å fotografere!

Nei, kanskje ikkje heilt sånn: 

Men sånn! 

DIY på nynorsk!

Eller «gjer det sjølv», som det heiter her på våre kantar. Vi vil gjerne få kontakt med deg som er interessert i både handverk og teater. Vi vil opne dørene inn til verkstadene våre og gi deg innblikk i kva vi driv på med her. På huset har vi snikkarverkstad, sveis, systove, målarverkstad, lyd- og lys, rekvisitt og hår/sminke. Har du liknande hobbyar? Ta gjerne kontakt, så kan vi inspirere kvarandre!

E-post: post@teatervestland.no eller send oss ei melding på Facebook